onsdag 4. april 2012

Semana Santa - katolsk og snøfritt

Påskeferien er i gang, men her eg sit og ser utover La Plaza er det ingenting som minner om norsk påske. Påskepynt, påskeegg og påskekyllingar finst ikkje på desse breddegrader. Det næraste er høner, esel, hestar og hundar som dominerer bybiletet. Palmesøndag var det sjølvsagt prosesjon med pynta palmeblad.
Onsdag og torsdag er det nye prosesjonar rundt plazaen, og fredag er det sørgemarsj langs same ruta. Då skal våre elevar vera med.
Menighetsrådet med fru Filomena i spissen var svært motvillig til at den lange tradisjonen med trommer og strykarar skulle brytast med innføring av messinginstrument, men pater Eusebio ønskte både nye instrument og nytt repertoar velkomne så lenge det ikkje var ”ein hyllest til Djevelen” som han uttrykte det.
Veret er det ingen som brukar tid på å snakka om her. Det er stort sett det same kvar dag, sol og 25-32 grader. Gardbrukaren Milton klagar imidlertid og set stor pris på dei ettermiddagsbygene som kjem frå tid til anna. Amerikanaren som har budd her i 40 år vart nok ekstra glad i forrige veke då me fekk haustens første kalde vind over slettelandet frå Argentina og Paraguay. 15 grader og regn eit døgn i strekk. Elevane gjekk ikkje tilbake til skulen etter siestaen, og ingen møtte opp til instrumentalundervisninga den dagen.

Ein skitur i påska hadde me sett pris på, men eit par lange spaserturar i den lokale fjellheimen har det no blitt tid til. Det er ikkje lett å finna dei flotte utsiktspunkta med svakt skrånande lier og ei tregrense  på eit par tusen meter. Men går ein langt nok, så …

…og etterpå finn ein alltid eit ”vannhull”…

Det vert travle dagar framover. Dei første fellesøvingane er vel gjennomførte, og for elevane er dette stort. Musikkskulen sitt kor og orkester konkurrerer ikkje med nokon annan organisert fritidsaktivitet. Den store utfordringa er økonomien, men ved hjelp av dei innsamla pengane frå Stavanger som hovudsakleg havnar her skal det la seg gjera å halda fram med det arbeidet me starta i februar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar