lørdag 24. mars 2012

På et av verdens tak

Eg vurderer nå å gå over til eit blåseinstrument. Ei veke med høgdetrening og pusteøvingar i Andesfjella skulle vel vera eit godt utgangspunkt. Etter veker med faste rutiner som spanskkurs og undervisning var det ei fin avveksling med nokre dagar oppe på Altiplano, det bolivianske høglandet. For oss som er vane med turar mellom Skagenkaien og Valbergtårnet vart det tøft å takle dagar og netter i 4-5000 meters høgde.
Første etappe var flytur til Sucre. Lang oppstigning og kort nedstigning til denne fantastiske universitetsbyen på 2800 moh. Av dei rundt 250000 innbyggjarane er ein stor del studentar. Folkelivet er rolegare her og er prega av indianske folkegrupper.
Neste dag tre timars tur med taxi til den bratte gruvebyen Potosí (ca 4100 moh.), ein av verdens rikaste byar på 1700-talet då spanjolane tok for seg av sølvet i fjella og frakta det heim.  Etter ein tur til Miners Market for å bli utstyrt slik gruvearbeidarane blir kvar dag (dynamitt, coca, sprit og sigarettar), blei det tur inn i dei trange gruvene heilt frie for motoriserte hjelpemiddel. Fjellet er som ein sveitserost, og ingen veit kor mange tunellar der er eller kor mange som har mista livet i denne vanvittige jakta på det som er att av sølv og andre metall.

Salar de Uyuni

Kvelden blei brukt til busstur mot Uyuni (3700 moh.) heilt sørøst i landet. Frå Potosí med sine einvegskjørte gater der folk og bilar stadig kjempa om dei få metrane mellom husveggane, kom me nå til ein heilt flat by i britisk stil med rette og svært breie gater, og med eit klokketårn som ein miniatyr Big Ben. Området herfrå og sør til grenseområdet til Chile/Argentina er utruleg spanande. Her er først og fremst verdas største saltsjø (Salar de Uyuni), men og dei enorme ørkenviddene der ver og vind har forma store skulpturar av lavastein, dei fargerike innsjøane (bl.a. Laguna Verde og Colorado) med store flamingokoloniar, geysirar, varme kjelder og dei snøkledde vulkanske fjelltoppane.

Flamingoar på Laguna Colorada


Den tynne lufta her var ei stor utfordring, særleg den natta me overnatta i steinhytte utan oppvarming på 4300 moh. Ute var det minusgrader, så då var det godt å vite at to dagar seinare skulle me tilbake til Santa Cruz og 32 grader.

Tilbake i Santiago har roen senka seg med blide elevar og eit konservativt katolsk menighetsråd rundt oss. Så då er det å håpa at musikkframføringane i påska blir gjennomførte til glede for både utøvarar og jesuittkulturen sine vaktmenn (og kvinner!). Det bør vel gå bra når til og med det lokale militærkorpset på 13 mann får spela, som her under markeringa av at Bolivia mista kystlina si til Chile under Stillehavskrigen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar