tirsdag 10. april 2012

Dødsens alvor

Det blei ingen NRK Påskelabyrint dette året, men jammen har eg labba rundt i påsken.
Ikkje på ski men med sandalar på gater som består av raudbrunt støv.

I tråd med katolsk skikk går dei fleste av Santiago sine innbyggjarar i prosesjon kvar dag i Semana Santa. Onsdag og torsdag kveld var det prosesjonar med sang og bønn, og ved kvart av dei fire korsa som var pynta med blomar og palmeblad blei "Dulce Jesús Mío" sunge akkompagnert av strykarar og trompetar dirigert av den unge dirigenten Fjordheim. Ingen teikn til at den tildlegare nemde skeptikaren Filomena ville stoppa dette. Dei unge trompetarane klarte seg godt.

Langfredag der den verkeleg viktige dagen, og i prosesjonen blei sang og bønn bytta ut med Marcha Funebre der nokre av mine slagverkelevar fekk vera med strykarane og den lokale varianten av Tromlingane (fiolinar, trefløyter og trommer). Dette har dei gjort før, så noko felles gjennomspeling på førehand var ikkje nødvendig. Før avmarsj hadde konsertmeisteren for La Banda møtt fløytistane og "tilpassa fiolinen til fløytenivå" som han sa, så dermed kunne musikkskulen sine elevar "tilpassa" sine instrument til hans. Resultatet vart autentisk.


Eg oppdaga forresten eit "nytt" instrument i slagverkfamilien. Fordi det ikkje skal brukast kyrkjeklokker langfredag og påskeafta, har dei funne eit alternativ for å "ringja inn" til messe. Ein trekasse med fire metallhåndtak på sidene lagar utruleg mykje lyd når ein kraftkar vrir den fram og tilbake. I prosesjonen var det i tillegg eit dusin kastanjettar. Personleg synes eg den hadde eigna seg betre til å skremme vekk folk enn til å kalla inn til messe.
Laurdag kveld klokka åtte var det så duka for konsert med alle elevane i musikkskulen. Fiolin, bratsj, cello, trompet, trombone og slagverk deltok saman med koret. I alt ca. 100 elevar som tilsvarer 8 % av innbyggjarane! Relativt sett rundt tre gonger størrre enn Stavanger Kulturskole.
Her vart det framført alt frå Blinke, blinke stjernelill til musikk av Vivaldi og Telemann. Hovudverket var Messe i F for kor og orkester som er eit av dei mange tusen verka frå den store barokkmusikkskatten som blei funnen her i Chiquitania.


Ei fullsett kyrkje applauderte villig og ofte i den halvannan times lange konserten, og etterpå hjalp publikum til med å få benkane på plass igjen. Det skulle vere ny messe kl. ti, men pater Eusebio som sjølvsagt var på konserten ferdig kledd, sa at "berre ta det med ro. Messa startar når me er klare."


Etter sju timars busstur er me nå i Santa Cruz igjen for ei veke med undervisning i Plan 3000, SICOR sin største musikkskule. Tilbake i Santiago er 21 år gamle Asia med hovudansvaret for skulen det næraste året. Der er Magdalena som for 40 kr dagen gav oss lunsj og middag på husmannsvis. Der er den militære slagverkaren Filipe som eg møtte på internettkaféen og som for rundt 1000 av kronene som me samla inn skal undervisa i eitt år! - og der er familien Whittaker med dottera Rachel som kjem ridande til korøvelsen, og faren som leverer yoghurt til byen i sin noko slitne jeep.
På veg ut frå Santiago de Chiquitos var trommer og fløyter det siste me høyrde. Eit av dei lokale bandas markerte at påsken var over og livet var tilbake til det normale, eit liv eg kjem til å sakna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar