onsdag 22. februar 2012

Himmelens venterom

Det var ikkje lett å koma seg frå Santa Cruz til Santiago de Chiquitos der me er nå. Ingen buss på to dagar på grunn av desse motorsykkelaksjonistane, så då blei det tog i staden. Ti timar med bevegelsar som minna meir om ei sjøreise. På stasjonen blei me henta med bil og var framme her kl fire om morgonen den 16. februar.
Dette er ein landsby med ca 1200 innbyggjarar, eitt hotell som ikkje er ledig før fredag, og butikkar og hostel der eigarane har lyst på ei ekstrainntekt. Første dagen var me rundt i klassane på dei to barneskulane og inviterte elevane til å begynna å spela messing og slagverk, og same etttermiddag dukka det opp nærare 30 interesserte ungar. Med 6 messinginstrument og 8-10 slaginstrument blei elevane delt inn i seks grupper. Dei får ikkje instrumenta med heim, men dei får spela ein time kvar dag, seks dagar i veka. Det er ein fantastisk gjeng, og det blir spennande å sjå kva dei kan få til fram mot konsert 1. påskedag.
Hotellet i Santa Cruz var ikkje mykje å skryta av, men me savnar det litt nå når me har sett og opplevd forholda her. Akkurat nå bur me på eit rom med betonggolv. Ei seng med nattbord, ellers ingen ting. Felles bad med dei andre som bur her på hotell Panorama!!!
Likevel, folk her er utruleg høflege, og alle kjenner alle, inkludert oss. Gatene, eller rettare sagt grusvegane blir brukte av både folk og fe, så i løpet av dei ti minutta me brukar på veg til skulen, møter me både kyr, esel, kattar, hundar og hestar.
Ein kan vel lure på kva som gjer at folk trives her, men det er vel ikkje utan grunn at landsbyen blir kalla Himmelens venterom. Her er det vakkert, og folket her ser ut til å ha det godt. Dei fleste har mobiltelefon, men internett finn ein berre på ein liten internettkafé der innehavaren så langt har vore meir opptatt av det fire dagar lange karnevalet som har prega byen.
Når du les dette er nok internett tilgjengeleg att, og alle dei slitne trommeslagarane i byen har lagt stikkene under senga til neste år.

søndag 12. februar 2012

Siste kveld i Santa Cruz

Så sit eg her på hotellbalkongen med eit glass vin i tusmørket. Det har vore flotte dagar saman med menneskje som er like varme som veret. Orkesteret her i byen - Hombres Nueves - består av barn og unge som bur i Plan 3000. I denne bydelen bur det familiar med svært låg inntekt, og historiene til musikantane er ganske gripande. Rusmisbruk og vald er ein del av kvardagen for mange av desse. Det er derfor utruleg å sjå dei blide ungdommane som møter til gruppe- og fellesøvingar 6 dagar i veka.
Denne veka har eg jobba med to slagverkarar. Rober møtte eg her for to år sidan, medan Ernesto er nybegynnar. Rober var og på Valdres Sommersymfoni 2010. Eg har tatt med meg ei skarptromme og litt reservedelar, men skulle nok hatt meir. Maks 23 kilo i kofferten! Vedlikehald er ikkje prioritert (legg merke til basstromma i bakgrunnen), men eg prøver å reparera det som går an. I morgon går turen med buss til Santiago de Chiquitos. 8 timar austover mot Brasil. Der skal Else Irene og eg gje grunnleggjande opplæring i messing og slagverk i 6-7 veker. Dette kan lett gå godt!!!!??

mandag 6. februar 2012

Hola Bolivia

Då er første helg i Santa Cruz over. Etter to døgn på tur via København, München, Madrid og Buenos Aires var det fantastisk å bli møtt på flyplassen, først av kofferten min, og deretter Luis i SICOR som tok oss med til hotell Felimar. Heilt greit som eit utgangspunkt for å bli kjent med byen og dei folka me skal jobbe med. Santa Cruz er ein by som har eit flott sentrumsområde rundt La Plaza, men trafikken er utruleg støyande. Tuting og bilalarmar som går av stadig vekk, vikeplikt og trafikklys som har liten innverknad på bolivianarane, men stor innverknad på bilparken. Det skulle vore interessant å sjå bilistane i ei rundkøyring.
Har hatt møter med cellolærar Peter og orkesterleiar Antoine (fødd i Frankrike, bl.a. trombonist i Göttingen under Smidt-Gertenbach, 25 år i El Sistema i Venezuela), og i kveld er det møte med sjefen sjøl, Ruben Dario. Då skal me bli einige om kor me skal arbeide dei neste vekene.
Uansett... dette blir spennande, og ein ting er sikkert: Ingen frys her. Rundt 30 grader og sol hittil. Ikkje rart ein må ha siesta.