søndag 22. april 2012

Where do we go from here?

Eg sit her på terrassen og ser utover Stillehavet i San Juan del Sur, Nicaragua. Tankane går tilbake til vekene i Bolivia, til elevane i Santiago og SICOR sitt arbeid i Santa Cruz.

Vemodig å reisa derifrå, trist å ikkje skulla gå over plaza’en til skulen med dei to store mangotrea for å treffa Juan Pablo, Salvador, Rudi og alle dei andre slagverkelevane.











”Os ha gjort kva gjerast skulle, ysta ost å kinna smør”, som det heiter i folkevisa ”Heimreisa frå sætra”, og det same kan seiast ved heimreisa frå Bolivia. 2-3 månader med undervisning er ikkje mykje, men det var ein start på noko som elevar og foreldre tydeleg sette pris på.

Å delta på avslutningskonserten 1. påskedag var flott, og eg trur både publikum og utøvarar fekk ei oppleving dei ikkje hadde hatt før med så mange ”på scenen”. Samstundes er det godt å vita at dette arbeidet kan halda fram, og det trengs! SICOR gjer ein flott jobb for barn og unge, men dei er heilt avhengige av frivillege som jobbar der.

I Santiago er 21 år gamle Asia som skal ta seg av koret og strykarane. Slagverkaren Filipe er igang med nokre av dei elevane eg hadde. Messingblåsarane får truleg hjelp av José frå Santa Cruz med jamne mellomrom, og ryktet fortel at ein del av dei alt er i gang, møter opp kvar dag og øver saman. I september kjem ei jente frå Tyskland for å jobba som treblåslærar.

I Plan 3000 i Santa Cruz der ”Hombres Nueves” – hovudavdelinga til SICOR – held til, er dei og heilt avhengige av frivillige som hjelper til. Her er Antoine Duhamel dirigent og motivator. I tillegg har dei José som messinglærar og for tida to frivillige frå Tyskland som underviser på fløyte og klarinett.

Hovudproblemet i Santa Cruz er faktisk undervisninga av strykarane. På grunn av dårleg økonomi får dei ikkje stabilitet. Mangel på lærarar går først og fremst ut over grunnopplæringa, og dei eldste elevane i bydelen Plan 3000 må prioritera arbeid for familiane sine framfor å møta til dei daglege ettermiddagsprøvane. Rubén – primus motor i SICOR – har måtta gå til det skrittet å tilby 1.000 Bolivianos (ca 800 kr.) pr. månad i løn til desse elevane i orkesteret!

"Where do we go from here?"

SICOR gjer ein fantastisk innsats blant barn og unge for å gje dei eit meiningsfylt liv, og i tillegg til musikkopplæring har dei leksehjelp og etikk på timeplanen. Organisasjonen er likevel svært skjør, og i eit fattig land som Bolivia er ikkje den kommunale hjelpa stor.

I Santiago får musikkskulen ca 300.000 Bolivianos årleg frå kommunen og eit naturgass-selskap. Når mykje av dette går til å henta lærarkrefter frå Santa Cruz og til nye instrument er det ikkje lett å få fatt i lærarar. Skal denne skulen få lærarkrefter, er dei avhengige av å gjera arbeidstilhøva i denne vesle landsbyen attraktive.
Det aller beste ville vera å byggja nye lokale i staden for å vera avhengig av den katolske skulen og kyrkja med rom som manglar det meste. Dei har nettopp fått tomt av kommunen, men dei 500.000 som trengs for å byggja, må dei foreløbig sjå langt etter.
I Santa Cruz har ikkje lærarane fått lønn i 2012. Dei reknar med at ho kjem i juni, men det er ikkje lett å få tak i nye lærarar eller halda på dei ein har under slike tilhøve.

Dei 30.000 kronene frå Stavanger er ikkje mykje, men i ein musikkskule i det fattigaste landet i Sør-Amerika vert det sett stor pris på støtta. Når eg møter menneske med eit ynskje om å lukkast med det ein har tru på, må eg bruka Martin L. King sine ord ”Where do we go from here?”
Eg veit iallfall at eg gjerne drar tilbake til Bolivia igjen!

Takk for alle gode møter med menneske som har støtta dette prosjektet, heime og i Bolivia!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar