onsdag 7. mars 2012

Åpen musikkskule

Så er ei undervisningsfri, men likevel innhaldsrik, helg over (og dagane går så fort at det snart er helg igjen). Ein søndag her ber sterkt preg av at me er i eit katolsk land. Den lett skrånande La Plaza har den store kyrkja, bygt av jesuittane, liggjande øverst. Nederst er det ei mindre engelsk-evangelisk kyrkje. Den katolske har ein trufast menighet på fleire hundre, medan den andre har 20-30. Her er gudstenester og messer fleire dagar i veka med ein topp på søndagar når begge har full aktivitet både formiddag og kveld.
Nå har me undervist her i to veker, og har elevar som er ivrige og møter opp omtrent til rett tid kvar dag, mandag til fredag. Elevane våre er i alderen 5 -12 år, og dei har ikkje klokke og ikkje mobil. Kyrkjeklokkene ringjer ved soloppgang halv sju, klokka tolv og ved solnedgang klokka halv sju, så då vert resten litt omtrentleg. Dei fleste elevane i ungdomskulen har derimot mobiltelefon, men den vert stort sett brukt som walkman, så du høyrer stadig summing av musikk når du er nær dei.
Eg har tre grupper på 5 elevar mellom kl 15 og 18. Her er ikkje nok instrument til at elevane kan ta dei med seg heim, men nok til at kvar gruppe fungerer. Det største problemet er undervisningslokala. Sist veke var me 5 lærarar fordelt på 4 ”rom” (eg skal koma tilbake med definisjon seinare). Dermed var det utandørs fløyteundervisning. Komande veke er det kun Else Irene på messing og eg som er her, så då er det velstand.
Variasjonen i lærarstaben er det største problemet her i Santiago. Det er kun Peter, lærar på stryk, som bur her. På dei andre instrumenta er musikkskulen her heilt prisgitt det som SICOR sentralt i Santa Cruz bestemmer, og om der i heile tatt er lærarar som vil ta turen hit kvar veke når det tar 8 timar kvar veg.
Øvingsromma musikkskulen her har til disposisjon høyrer til kyrkja og den katolske skulen. I forlenginga av kyrkja er det eit lager, eitt kontor og eit større rom som er ensemblerom for stryk/kor. I tillegg får me bruka eit klasserom og eit uversskur. Å bruka eit skur går for så vidt like godt som eit klasserom. Temperaturen er den same i og med at det ikkje er glasruter i bygga her, kun tre- eller metallsprinkler (Farstad Glass hadde neppe hatt noko levebrød her). Fordelen med uverskuret er at eg slepp romklangen som er i eit klasserom med tak, vegger og golv i betong.
Musikkskulen har fått ein tomt av kommunen, men dei har naturleg nok ikkje pengar til å byggja noko. Dette er trist, for flaggskipet her, strykeorkesteret og koret, har ein god standard og er den største fritidsaktiviteten i byen og noko folk her er stolte av. Dei skal også i år delta på den store internasjonale barokkfestivalen i Santa Cruz fylke, sjøl om Fader Piotr Nawrot som var her for å høyra på dei sist torsdag ikkje var heilt fornøgd. Han er leiar for festivalen og er den som har samla og utgitt den over 13.000 sider store barokkmusikkskatten som vart funnen her i forbindelse med restaurering av jesuittkyrkjene.
Likevel…. Her er det godt å vera. Folk er positive og har det godt. Alle helser på kvarandre og hjelper til der dei kan. Det er ein god del naturalhushaldning her. Madelene som me får lunsj og middag av kvar dag (20 kr pr dag), leverer varm mat til mange naboar, og ho får brødmat, grønnsaker etc. igjen. Grunnen til at Bolivia er eit rikt land på naturressursar men det fattigaste landet i Sør-Amerika er kanskje at dei er litt late. Dei gjer ikkje meir enn nødvendig for å klara seg. Eit eksempel er då eg ein dag i Santa Cruz ville kjøpa meg ei t-skjorte i ein butikk. Eg spurde kva den kosta, og ekspeditøren sa at den ikkje var til sals. Han hadde selt nok den dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar