mandag 12. mars 2012

På (rett) vei?

Då er første del av opphaldet i Santiago de Chiquitos unnagjort. Det vart nattbuss derifrå fordi me måtte komma oss avgarde før den varsla veiblokaden vart sett i verk. Det var snakk om at brua som var blokkert då me skulle til Santiago skulle blokkerast igjen, og at me måtte spasera over for deretter å ta taxi dei siste fem mila. Dette slapp me, og etter åtte timar på ein veg som til tider minna om ein krøttersti var me tilbake i støyande Santa Cruz.
(Kollektivtrafikken treng tydelvis hjelp frå høgare makter i dette kaoset)


Dei første vekene i Santiago har gått som ein røyk. Undervisninga der me møter elevane 5 dagar i veka har gitt resultat, og sist fredag kunne me ha avslutningskonsert med 15 av dei eldste elevane på messing og slagverk. Ikkje noko å leggja ut på YouTube, men litt å skryta av. Ikkje tvil om at mange allerede lir av spelegalskap, og kanskje du lurer på om dette er sunt. Eg trur det. I alle fall er det ufatteleg at rundt 10 prosent av innbyggjarane i ein søramerikansk tropelandsby er opptatt av orkestermusikk, og at resten av byen er stolt av det! Berre så synd at når me drar derifrå etter påske så er det berre den 20 år gamle Asha frå Poznan i Polen (ho kom sist veke og skal vera i Santiago i eit år!) som skal ta seg av alle elevane.


Idag har det blitt ein tur til Plan 3000 og SICOR sin musikkskule her i byen. Undervisning av Rober og reparasjon av ei pauke. Orkesteret slit med å halda nivået og frammøtet oppe, men dei har den fantastiske Antoine Duhamel som er som ein far for alle elevane. Saman med tre av desse, Cecilia (fløyte), Pedro (fagott) og Valeria (trombone) skal han til Valdres i sommar. Ei fantastisk hjelp for SICOR og framtida til ungdommen her.
Då er kofferten pakka. I morgon er det fly til Sucre og nokre dagar i eit landskap høgare enn Galdhøpiggen. Då er det nok slutt på den seks veker lange perioden utan sokkar og langbukse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar