onsdag 22. februar 2012

Himmelens venterom

Det var ikkje lett å koma seg frå Santa Cruz til Santiago de Chiquitos der me er nå. Ingen buss på to dagar på grunn av desse motorsykkelaksjonistane, så då blei det tog i staden. Ti timar med bevegelsar som minna meir om ei sjøreise. På stasjonen blei me henta med bil og var framme her kl fire om morgonen den 16. februar.
Dette er ein landsby med ca 1200 innbyggjarar, eitt hotell som ikkje er ledig før fredag, og butikkar og hostel der eigarane har lyst på ei ekstrainntekt. Første dagen var me rundt i klassane på dei to barneskulane og inviterte elevane til å begynna å spela messing og slagverk, og same etttermiddag dukka det opp nærare 30 interesserte ungar. Med 6 messinginstrument og 8-10 slaginstrument blei elevane delt inn i seks grupper. Dei får ikkje instrumenta med heim, men dei får spela ein time kvar dag, seks dagar i veka. Det er ein fantastisk gjeng, og det blir spennande å sjå kva dei kan få til fram mot konsert 1. påskedag.
Hotellet i Santa Cruz var ikkje mykje å skryta av, men me savnar det litt nå når me har sett og opplevd forholda her. Akkurat nå bur me på eit rom med betonggolv. Ei seng med nattbord, ellers ingen ting. Felles bad med dei andre som bur her på hotell Panorama!!!
Likevel, folk her er utruleg høflege, og alle kjenner alle, inkludert oss. Gatene, eller rettare sagt grusvegane blir brukte av både folk og fe, så i løpet av dei ti minutta me brukar på veg til skulen, møter me både kyr, esel, kattar, hundar og hestar.
Ein kan vel lure på kva som gjer at folk trives her, men det er vel ikkje utan grunn at landsbyen blir kalla Himmelens venterom. Her er det vakkert, og folket her ser ut til å ha det godt. Dei fleste har mobiltelefon, men internett finn ein berre på ein liten internettkafé der innehavaren så langt har vore meir opptatt av det fire dagar lange karnevalet som har prega byen.
Når du les dette er nok internett tilgjengeleg att, og alle dei slitne trommeslagarane i byen har lagt stikkene under senga til neste år.

1 kommentar:

  1. Vet ikke helt om disse blogg-komentarene virker, men ---- uansett: dette høres spennende ut!!
    Bård

    SvarSlett